Alt helsepersonell i Austevoll kommune er
bundne av teieplikta jf. helsepersonellova og pasient- og
brukerrettighetslova. Dei kan
derfor ikkje uttale seg eller gje informasjon om din helsetilstand, utan at du
formelt fritar dei fra teieplikta. Fritaket må gjelde all relevant
informasjon i den spesifikke saka.
Eit fritak frå
teieplikta inneber ikkje at helsepersonell har ei opplysningsplikt overfor
media. Dei skal gjere ei sjølvstendig vurdering av i kva grad opplysningane
skal gjevast, og kan avslå å gje opplysningar til pressa utan nærare grunngjeving.
Omsynet til pasienten sitt beste skal vektast tyngst.
Dersom du vil løyse
helsepersonell frå teieplikta, må du fylle ut alle felta i dette skjemaet.
Skjemaet skal signerast av
pasienten sjølv, av foresett dersom vedkommande er under 16 år, eller pasienten
sine registrerte pårørande/verje dersom det er relevant. Skjemaet er signert når du loggar inn ved hjelp av ID porten.