• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Informasjon

Skjemautfylling

Kommunal veg - Søknad om avkøyrsle / dispensasjon frå byggjegrense

Informasjon

GENERELL INFORMASJON



For rask sakshandsaming ber vi om korrekte og utfyllande opplysningar

Saman med søknadsskjemaet skal det sendast:
Kart/skisse i målestokk M 1:200 eller 1:100

På kartet/skissa skal det teiknast inn:

  • Plassering av avkøyrsle (tilkomst veg, snu-og oppstillingsplass)
  • Plassering av byggverk (bustad, garasje, tilbygg m.m.)
  • Ved søknad om dispensasjon frå byggjegrense skal det teiknast inn avstand frå  senterline køyrebane av off. veg til næraste kant av omsøkte byggverk. Legg ved målsett plan- og fasadeteikning.

Ufullstendig søknad vil bli returnert!

På grunn av eit evt. behov for framtidig vegutviding, samt ulemper som støv, støy o.l frå trafikken, må byggverk ikkje førast opp for nær ein offentleg veg. Difor må ingen bygningar, opplagsplass eller annan innretning (også lauskiosk) førast opp innafor ei byggjegrense som går 15 meter frå den kommunale vegen og 15 meter frå gang-/sykkelvegen, utan særskilt løyve frå kommunen. Anna byggjegrense kan vera fastsett i reguleringsplan. Avstanden skal reknast frå senterline køyrebane  offentleg veg til næraste kant av omsøkte byggverk.

Vi vil gjere merksam på at det må søkjast om tilbygg til tidlegare oppførte bygningar, samt for gjenoppbygging av nedrivne eller nedbrende byggverk som ligg innafor byggjegrensa.

Kva kommunen legg vekt på ved handsaming av søknaden:
Kommunen må vurdere alle søknader i ein større samanheng m.a. av omsynet til trafikkavvikling og trafikktryggleik. Søknaden blir sett på i samanheng med kravet om betre og sikrare vegar.

Dersom stadig nye avkøyrsler vert etablerte, vil vegen langsomt men sikkert «gro igjen». Den aukande lokaltrafikken som følgjer med avkøyrslane vil gradvis forandre samlevegen til lokal bustadveg.

Det er nær samanheng mellom talet på trafikkulykker og talet på avkøyrsler langs ein veg, og det er særleg dei som bur langs vegen som vert ramma.

Søknadene blir  vurdert forskjellig avhengig av vegen sin funksjon, trafikkmengde, fartsnivå, m.m.

Ved søknad om dispensasjon frå byggjegrensa må kommunen vurdere om det omsøkte byggverket vil sjenere trafikken på vegen,redusere trafikktryggleiken eller vanskeleggjere vegvedlikehaldet. Behovet for areal ved evt. framtidig vegutviding vil og bli vurdert.

Skal det leggjast leidningar langs, over eller i offentlige veg, må det søkjast på
særskild skjema.

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Dersom du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvindauga eller trykke på Avbryt-knappen og deretter stadfestar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon verta borte.
  3. Ingenting vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velgja Send inn-knappen. Han kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øvst til høgre dersom du treng hjelp undervegs i utfyllinga.

Vent...

Loader