Alle tilskotsordningane for kultur og idrett vert i år lansert til same tid. Same søknadskjema skal brukast for alle ordningane. Dette gjeld søknad om tilskot til:
- Kulturmidlar
- Idrettsmidlar
- Konsert/arrangement
- Midlar til bygdahus og lokalmiljø
- Midlar til aktivitetar for eldre
- Midlar til kulturminne og kulturmiljø
- Midlar til aktivitetar for ungdom
Austevoll kommune oppmodar alle til å lesa nøye gjennom informasjonen som gjeld tilskotsordninga du vil søkja på, då dette gir informasjon om:
- Tilskotet sitt føremål
- Kven som kan søkja om tilskotet
- Kriterier for å søkja om tilskotet
- Storleik på tilskotet
Ved avslutta prosjekt skal ein kort aktivitets- og økonomirapport sendast til Austevoll kommune.
Tilskotet er gyldig til og med kalenderåret etter tildeling. Om ikkje tiltaket er gjennomført i samsvar med søknad innan utgangen av påfølgjande år, skal tildelt tilskot tilbakeførast til Austevoll kommune.
Tilskot kan berre tildelast til dei som har søkt innan søknadsfristen.
Klagefrist er tre veker frå søkjar har motteke meldinga om vedtaket.