Austevoll kulturskule

SAM_0565.JPG - Klikk for stort bilete

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i Austevoll som ynskjer opplæring innan musikk, dans eller teikning og maling.

Skuleåret 2016-17 har skulen 177 elevar som får undervisning i mange ulike disiplinar innan musikk, samt teikning/maling og dans.
I tillegg sel kulturskulen tenester til kor og andre lag som driv med song og musikk. Vi sel og tenester til helse- og sosialetaten (musikkterapi) og Austevoll PO-senter.

Kulturskulen har 10 tilsette lærarar.

 

Informasjon om kulturskulen sine tilbod og korleis ein søkjer plass. 

Alle som er elevar i grunnskulen kan søkje plass i kulturskulen, og søknadsfristen er kvart år 1. april.

I menyen til høgre finn du informasjon om tilboda, om lærarane, og anna informasjon om kulturskulen.

For å søkje eller sjå informasjon om prisar, velg "Søkje elevplass" på menyen til høgre.

For meir informasjon, sjå menyvala i menyen til høgre eller ta kontakt:

Austevoll kulturskule
5392 Storebø

Telefon: 55 08 12 20
E-post: audun.alvsaker@austevoll.kommune.no

 

 

VIKTIG:

Dei som er elevar i kulturskulen i dag, og dei som står på venteliste:

 

Ein må gå inn på www.speedadmin.dk og utføre "re-registrering" innan 1. april!    

Les meir om dette på denne sida:  "Meldingar - kulturskulen" .

 

 

Nye tilbod som har starta opp dette skuleåret.

Dette skuleåret har vi starta opp to nye tilbod i kulturskulen, og desse vil og bli vidareført i skuleåret 2017-18:

 

Musikkstart.

Dette er eit grunnopplæringstilbod i musikk for elevar på 1. - 3- trinn.

Vi vil tilrå at elevane i 1. og 2. klasse startar med Musikkstart før dei eventuelt begynner på vanleg song- eller instrumentopplæring.

 

Musikkverkstad.

For elevar frå 7. trinn og oppover.
Musikkverkstad består av bandverkstad og musikkproduksjon. Du kan både spele i band og arbeide med lyd, opptak, miksing av musikk og liknande.
Her er det opent for dei som vil berre spele, berre arbeide med musikkproduksjon, eller begge delar. 
Undervisninga finn stad i bandverkstaden på Selbjørn skule og Kongsen Studio, som er eit heilt nytt lydstudio.
Både bandverkstaden og Kongsen studio ligg i den tidlegare læraravdelinga på Selbjørn skule.
 
 
 

For elevar og føresette:  Nytt nettstaden SPEEDADMIN som kontaktflate mot kulturskulen!

Alle som er føresett eller elev i kulturskulen kan logge seg inn på SPEEDADMIN for å finne informasjon om timeplan, feriar og fridagar, ta kontakt med lærar eller leiing i kulturskulen, søkje på undervisningstilbod og anna.

Nettstaden er www.speedadmin.dk og brukarnamnet er eleven sin fødselsdato med 6 siffer. (DDMMÅÅ)

Dersom ein ikkje har passord som ein har oppretta eller fått ved påmelding, kan ein klikke på "Glemt passord" og få informasjon om oppretting av nytt passord til den e-postadressa som er nytta ved påmelding til kulturskulen, eller rett og slett ta kontakt med kulturskulen.

Dersom du loggar inn på nettlesaren på mobilen, får du opp mobilversjonen, som kan vere svært nyttig å ha.

 

 

Kvalitetserklæring for Austevoll kulturskule.

Kvalitetserklæringa som seier noko om kva du kan vente av kulturskulen når det gjeld kvalitet.

Her er lenkje til erklæringa:  Kvalitetserklæring - kulturskulen.

 

Opptaksprosedyre for Austevoll kulturskule.

Her er lenkje til opptaksprosedyren:  Elevopptak i kulturskulen.

    

Plan for innhald, kvalitet og utvikling i kulturskulen.

7. februar 2013 vart "Plan for innhald, kvalitet og utvikling i Austevoll kulturskule 2013 - 2020" vedteke av kommunestyret.

  
Her er lenkje til planen:
 
 

Årshjul for kulturskulen.

I årshjulet finn du ein del av ei faste årlege hendingane i kulturskulen.

Årshjulet finn du her: Årshjul for Austevoll kulturskule.

Sist endra 25.04.2017

Kontakt

Audun Alvsåker

Audun Alvsåker

Kulturskulerektor

Eksterne lenker

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS