Helseservicekontoret

støttekontakt bilde - Klikk for stort bilete Austevoll kommune ynskjer å gje tenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen på ein fagleg, god og brukarvenleg måte.
Helseservicekontoret skal yta service ved å gje svar på dine spørsmål, eller visa deg vidare til rette instans dersom det er nødvendig.

Kontoret er ope mellom kl 9:00 og 15:00

Dersom du sender e-post, hugs å ikkje la denne innehalde sensitive informasjon grunna datatryggleik.

 

søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester (PDF, 2 MB),

Søknadar kan sendast til:

Austevoll kommune
5392 STOREBØ

 

 

Tenestene helseservicekontoret formidler er:

 

Avlastning   
Brukarstyrt personleg assistanse  
Heimehjelp  
Heimesjukepleie  
Individuell plan  
Matombringing  
• Omsorgsbustad  
Omsorgsløn  
• Plass på pleie- og omsorgssenter  
Støttekontakt  
• Tryggleiksalarm  

Kreftsjukepleie

 


Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering ligg og under Helseservicekontoret og er ein stad å venda seg  for menneske som har  behov for samordna/koordinerte tenester uavhengig av alder eller helsetilstand. Alle kommunar og regionale helseføretak skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. Dette er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering § 2.
Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemiddel kor fleire aktørar samarbeider om å gje nødvendig bistand.
Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med nedsett funksjon opplever meistring, sjølvstende og får delta i samfunnet på eigne premissar.

 

Ved eventuelle saker innan sosialtenesta/ rus, er det Nav Austevoll de må kontakte.
Alle kommunen sine innbyggjarar, alle tilsette i kommunen eller eksterne samarbeidspartnarar kan venda seg til koordinerande eining.
 

Koordinerande eining sine oppgåver er å:

  • Koordinere tenester brukarane treng
  • Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i Austevoll kommune og formidle tenester som er aktuelle.
  • vera knutepunkt for samarbeid mellom instansar i og utanfor kommunen
  • Ta i mot søknad og gjera vedtak om individuell plan
  • Opprette koordinator
  • Tilrettelegge for brukarmedverknad

støttekontakt bilde - Klikk for stort bilete

Publisert av Heidi Otterå. Sist endra 01.06.2016

Kontakt

Jofrid Troland

Kommunalsjef for Helse og Omsorg

Charlotte Haukanes

Konsulent / sakshandsamar

Anita J Bjørkelund

Rådgjevar

Camilla Torsvik

Konsulent / sakshandsamar

Edith Rivenes Vik

Rådgjevar

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS