Austevoll legevakt

legevaktnummer-300x169.jpg - Klikk for stort bilete

English flag - Klikk for stort bilete  If you are in need of medical help/advice call the local emergency service: 116 117

In case of life-threatening emergency remain calm – call 113

 

Nasjonalt legevaktnummer 116 117
 

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Når du ringjer 116 117 i Austevoll kjem du i kontakt med legevaktsentralen for Os, Samnanger, Fusa og Austevoll

Er det akutt og står om liv, ring 113.

Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegen din i opningstida til Austevboll legesenter (telefon 55 08 10 50)

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa  ikkje kan venta

113 når det er akutt og står om liv

 

Fastlegen kan også gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.

Kva kan legevakta gjera for deg

Når du ringjer det sekssifra nummeret 116 117 frå Austevoll  kjem du i kontakt med legevaktsentralen vår  i Os. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.

Legevakta i Austevoll har alltid minst ein lege på vakt. Når du brukar legevakttenester, skal du betala ein eigenandel.

Legen har ikkje tilstadesvakt på kontoret, så du må ringje legevaktsentralen for vurdering og for å gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok. 

For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

  • Høg feber – særleg hjå barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot

Slik kjem du i kontakt med legevakta

Ring det sekssifra nummeret 116 117 eller det lokale legevaktnummeret 56303698. Begge vert svara døgnet rundt ved legevaktsentralen.

Hvis du treng å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, kan du bruka det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.

Når skal du ringja 113

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme

 

Hugs:

Fastlegen for det som ikkje hastar

Legevakt 116117 når fastlegen ikke er tilgjengelig og hjelpen ikke kan vente

 

113 når det er akutt og står om liv

 

Nyttige telefonnummer

 

Tannlegevakt Bergen 55568717 opningstider kvardager 18-20.30, helg 153.0-20.30.

Austevoll legesenter 55081050

Opningstider:

Mandag 0815 - 1600
Tysdag 0815 - 1400
Onsdag 0815 - 1600
Torsdag 0815 - 1800
Fredag 0815 - 1500

Telefonen er open heile opningstida til legesenteret.

Giftinformasjon 22 59 13 00 heile døgnet.

 

 

 

Sist endra 10.03.2017

Kontakt

Inger C Uglenes

Kommuneoverlege

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS