PP-tenesta

PPT.jpg - Klikk for stort bilete Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak for born i førskolealder, elevar i grunnskolen og i vaksenopplæring på grunnskolen sitt område. Det er eigen PPT for elevar i vidaregående opplæring 

 Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle.

PPT skal også hjelpe skulane med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.

 

Målgruppe

Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

 

Kriterium/vilkår

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

 

Gjeldande lov - og regelverk

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

 

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skole. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skolen.

 

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

 

Saksbehandlingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

 

Søknadsbehandling

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a

Merknader

Når born i grunnskolen får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når born blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.

Sist endra 12.10.2017

Kontakt

Ann-Rita Kolbeinsvik

Leiar PPT

Anita Vassnes

Spesialpedagog

Ingunn Engelsen Eide

Spesialpedagog

Linda Bjørhovde

Barnehagelærar fagteam

Anita Njåstad Andorsen

Barnehagelærar fagteam

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS