Vigslaren les opp tekst for borgarlege seremoniar. Dersom ein ynskjer andre ting som musikk, diktlesning, pynting, gjestar og liknande, må dette avtalast på førehand. Det er høve til å setja på ringar under seremonien, dette må også meldast frå om på førehand. Ringane vert sette på når vigslaren har erklært dykk for rette ektefolk. Vigslaren seier ifrå når ringane kan utvekslast.
To vitner må vere tilstades under seremonien. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar brudeparet har med seg. Til slutt underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigslingsprotokollen.