Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Frå og med 15. april til og med 15. september er det generelt forbod mot å gjere opp ild i nærleiken av skog og mark i Norge.
Enten du skal brenna bråte eller kose deg med grilla pølser på tur må du husk å vere forsiktig.
I Austevoll kommune er det berre lov å brenna hageavfall og reint trevirke. Alt anna avfall skal leverast til nærmaste miljøstasjon eller kastast i svart eller brun søppeldunk.
Brannvesenet oppfordrar til at hageavfall også vert levert til nærmaste miljøstasjon.
Her er eit par punkt det er lurt å huske på før du tennar opp:
- Sjekk skogbrannfareindeksen.
- Tenk på plassering av bålet. Nærliggande vegetasjon og bygningar, vindretning og vindstyrke kan ha stor effekt og føre til rask spreiing av brannen om du ikkje er forsiktig.
- Det er du som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken.
- Ikkje brenn material som gjev gnist, som for eksempel papir, bartre, lyng, einar, tørre blad og liknande. Gnistar føre til fare for brannspreiing over store avstandar.
- Hald oppsyn med bålet så lenge det er tent.
- Gå aldri frå bålet før du er heilt sikker på at det er skikkeleg sløkke med store mengder vatn eller andre eigna sløkkemiddel.