Lyngbrenning (beitesviing)
Lyngbrenninga/beitesvidinga skal gjennomførast i tidsrommet 15. september-15. april. Ein må avklara med lokalt brannvesen då aktiviteten er svært synleg på lang avstand, og brannvesenet kan få inn mange unødvendige meldingar om brann.
I perioden 15. april-15. september må ein ha løyve frå brannvesenet før ein kan gå i gang med lyngbrenning/beitesviing. Dette er lovfesta i brann- og eksplosjonsvernloven § 5 og i forskrift om brannforebygging § 3.
Er ein uforsiktig ved bruk av open eld, kan dette føre til straff- og erstatningsansvar.
Lyngbrenninga/beitesvidinga skal vere godt planlagt. Den skal gjennomførast på ein forsvarleg måte, og i samsvar med skjøtselsråd fastsett av Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen). Meir informasjon: Tilskot til brenning av kystlynghei.
Du må utarbeide skriftlege planar og gjennomføre tiltak for å redusere risikoen ved brenninga. Her må det kome tydeleg fram korleis du tenker lyngbrenninga/beitesvidinga skal gjennomførast, at du har nok folk og tenleg sløkkjeutstyr til alle. I tillegg må det vere utarbeidd eit kart som tydeleg viser kva område den planlagde lyngbrenninga/beitesvidinga finn stad, eventuelle branngater og kva for andre naturlege hindringar som er i det aktuelle området.
Berre ein person skal leie sjølve lyngbrenninga/beitesvidinga. Alle skal vite kven som har kommandoen. Alle skal vere samde om planane og gjennomføringa.
Ein må ta omsyn til hekkande fugl og dyre- og planteliv generelt. Dersom ein planlegg brenning i verneområde for fugl, skal ein kontakta Statsforvaltaren i Vestland ved miljøavdelinga.
Hugs å melde frå til lokalt brannvesen/kommunen.
Austevoll kommune har eit elektronisk skjema du skal fylle ut og sende inn saman med aktuelle vedlegg i god tid. Med god tid meiner vi tre veker før lyngbrenning/beitesviing skal gjerast. Den som fyller ut skjemaet må logge seg inn med ID-porten.
Søk om å gjennomføre lyngbrenning/beitesviing
Dersom verforhold gjer at lyngbrenning/beitesvdinga ikkje kan gjennomførast, til dømes ved mykje vind/tørke, må du melde frå om ny tid.