Når må eg søke om bruksendring?
Du må søke kommunen om enten permanent eller mellombels bruksendring dersom:
- Byggverk eller del av byggverk skal tas i bruk til noko anna enn det som følgjer av godkjent løyve eller lovleg etablert bruk, eller
- tilleggsdel tas i bruk til hovuddel eller omvendt.
Døme på bruksendring er dersom du vil endre:
- Lovleg bruk frå fritidsbustad til bustad.
- Delar av bustaden din til næringsverksemd eller forretning.
- Ein bod (tilleggsdel) til anneks (hovuddel).
- Ein råkjellar (tilleggsdel) til kjellarstove eller soverom (hoveddel).
Dersom du er usikker på korleis du skal gå fram eller krav til søknad, vil kommunen rå deg til å tinge ein førehandskonferanse.
Kva er hovuddel?
Hovuddel er den delen av eit byggverk som ein nyttar for beboelse eller opphaldsrom, inklusivt gangar og trappar mellom hovuddeler. Eksempel på rom som er hovuddel er stue, kjøkken, soverom, bad, vindfang, entre og gang mellom desse rommene.
Kva er tilleggsdel?
Dei delane av eit byggverk som ikkje er eigna som opphaldsrom eller til beboelse er å rekne som tilleggsdel. Eksempel på rom som er tilleggsdel er bod og oppbevaringsrom.
Kva type rom må eg søke om å få bruksendra?
Direktoratet for byggkvalitet har utarbeida ein tabell som viser når du må søke om bruksendring og når du ikkje trenger å søke:

Kva må eg vere merksam på ved bruksendring?
Søknad om bruksendring utløyser krav til bruk av ansvarlege føretak, jf. pbl. §§ 20-1 og 20-3. Dette betyr at du ikkje kan søke sjølv med mindre du kjem innunder unnataket for sjølvbyggar.
Vidare må ein vere merksam på at bruksendring krev at endringa er i tråd med gjeldande plan og er i tråd med gjeldande regelverk. Dette betyr blant anna at:
- Bruksendringa må vere i tråd med arealformålet i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan. Skal ein til dømes bruksendre frå fritidsbustad til bustad, må gjeldande arealformål vere bustadbebyggelse eller LNF-spreidd bustadbebyggelse. Dersom bruksendringa kjem i konflikt med arealformålet gjev dette eit avvik som løys ut krav til dispensasjon etter pbl § 19-2.
- Bruksendring må nabovarslast. Nabo har rett på å få alle relevante opplysingar og dokumentar for søknaden i nabovarselet.
- Gjeldande krav i teknisk forskrift (TEK17) for bruken må bli oppfylt. Dette kan kreve utbetringar av heile eller delar av byggverket. Avvik frå tekniske krav utløyser behov for søknad om avvik etter pbl. §31-2 eller dispensasjon etter pbl § 19-2.
Kommunen har utarbeida rettleiing for korleis ein søker om tiltak
Ofte stilte spørsmål
Private husholdninger med eigen straummåler, som er registrert som husholdningskunde hos nettselskapet, har rett til straumstøtte. For å vere rekna som ein privat husholdningskunde må du bo i ein godkjent bustad.
Dersom du bor i noko anna enn ein godkjent bustad må du søke og få innvilga bruksendring til bustad for å få støtte. Ein kan søke om mellombels eller permanent bruksendring til bustad. Krav til søknad er dei same.
Spørsmål som gjeld straumstøtte må rettast kraftleverandør eller NVE. Du finn meir informasjon, spørsmål og svar for straumstøtte på NVE sine heimesider.
Søknad om bruksendring kostar kr 7 800,- per søknad. Dersom bruksendringa krev søknad om dispensasjon blir dette eit tillegg på kr 16 600,- per forhold. Ved behov for søknad om unnatak frå tekniske krav kostar dette kr 5 500,- per unnatak.
I tillegg til kommunen sine gebyrer kjem konsulentkostnader og faktiske kostnader for å oppgradera bygget til dagens tekniske krav i samsvar med teknisk forskrift.
Krav for mellombels bruksendring er dei same som for permanent bruksendring med eitt unnatak. Ved mellombels bruksendring må ein gjere greie for kvifor ein søkar om mellombels og ikkje permanent bruksendring. Dette kan t.d. vere at ein skal nytte ein fritidsbustad som pendlarbustad i eitt år i påvente av flytting.
Ved mellombels bruksendring vil bygget/bruken automatisk gå tilbake til opphavleg bruk når tida bruken er godkjend for går ut.
Kjeldar:
Plan- og bygningslova §§20-1 og 20-3.
Byggesaksforskrifta (SAK10) §2-1.
Direktoratet for byggkvalitet, Bruksendring i bustad, sist endra 21.08.2018
Kommunal- og distriktsdepartementet, Spørsmål om endra bruk av bolig frå fritidsbustad til heilårsbustad for å få straumstøtte, 30.09.2022
Direktoratet for byggkvalitet, Arbeid på eksisterande bygg