Ferdigattest og mellombels bruksløyveLytt til tekstenStopp avspillingFør du kan ta i bruk tiltaket du har fått byggeløyve til må du søka om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Publisert 23.03.2018 14.04 Sist endra 21.03.2023 13.06 Tiltak utan søknadsplikt Har du ført opp eit tiltak utan søknadsplikt, må kommunen få melding om dette slik at tiltaket kan registrerast. Dette gjer du ved å fylla ut skjema for melding av tiltak utan søknadsplikt og sende inn eit situasjonskart som viser plassering av tiltaket. Link til Kartportalen for utskrift av situasjonskart for din eigedom som du kan nytta ved melding om tiltak. Tiltak som er søknadspliktig Ferdigattest Før du kan ta i bruk eit søknadspliktig tiltak, må du søka om ferdigattest. Søknad skal sendast inn straks tiltaket er ferdig. Ferdigattest viser at saka er ferdig handsama av kommunen og at tiltaket lovleg kan brukast. Dersom det er krav til, eller du har valt å engasjera ein ansvarleg søkar i byggesaka, er det den ansvarlege søkaren som skal søka om ferdigattest. Mellombels bruksløyve Dersom det står att mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta tiltaket i bruk, kan du søka om mellombels bruksløyve. I søknaden må det gå fram kva arbeid som gjenstår og dato for ferdigstilling. Sakshandsamingstid Søknad vert handsama så raskt som mogleg og innan 3 veker. Har du ikkje fått svar innan 3 veker, kan du ta tiltaket lovleg i bruk. Vert det ikkje søkt om ferdigattest når tiltaket er ferdig, eller det er søkt om og gjeve mellombels bruksløyve og fristen for løyve er gått ut, og kommunen må purra på ferdigattest, vert ferdigattesten gebyrbelagt i samsvar med gjeldande gebyrregulativ for plan- og byggesaker (PDF, 569 kB). Søknadskjema/-senter Søknad om ferdigattest (blankett 5167) Søknad mellombelsbruksløyve (blankett 5169) Søknad om endring (blankett 5168) Alle Byggesaksblanketter (PDF - DIBK)