Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Førehandskonferanse og mellommøte

Tinging av førehandskonferanse eller mellommøte i sak

Førehandskonferanse
Føremålet med ein førehandskonferanse er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav knytt til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden. Førehandskonferansen skal sikre at du får den informasjonen du treng tidleg i planlegginga av byggeprosjektet.

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande i høve vidare saksgang.

Det er viktig at du sender inn nødvendig informasjon om tiltaket i forkant av møtet, slik at kommunen kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon blir lagt ved førespurnaden:

  • ønska dato/tidspunkt for førehandskonferanse
  • ønske om fysisk eller digitalt møte
  • kva du skal bygge: kart, teikningar og skisser
  • kor stort du skal bygge: høgde, breidde, areal
  • kva du skal bruke byggverket til
  • informasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn/sløkkevatn, avløp
  • eventuelle spørsmål du ønsker svar på i møtet

Førehandskonferanse tinga du enklast ved å senda e-post til postmottak@austevoll.kommune.no. Hugs å merka e-posten med rett gards- og bruksnummer og forklarande tekst. Du kan og tinga førehandskonferanse ved elektronisk melding til kommunen, jf. link for "Melding til kommunen" på høgre side.

Førehandskonferanse er ein gebyrlagt teneste, jf. gjeldande gebyrregulativ (PDF, 453 kB).

Mellommøte i pågåande sak
I enkelte bygge- og delesaker kan det oppstå misforståingar eller det er naudsynt å møtast for å avklara moment i saka, dispensasjonsforhold eller tilsvarande. Du kan då tinga eit mellommøte i pågåande sak kor du syna til kva som trengs å avklarast, det er spørmål til eller som er uklart. Førehandskonferanse er ikkje mogleg å tinga etter byggesøknad er sendt inn til kommunen for handsaming. 

Mellommøte er gebyrbelagt tilsvarande som førehandskonferanse, jf. gjeldande gebyrregulativ (PDF, 453 kB).

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.