Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse

Føremålet med ein førehandskonferanse er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav knytt til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden. Førehandskonferansen skal sikre at du får den informasjonen du treng tidleg i planlegginga av byggeprosjektet.

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande i høve vidare saksgang.

Det er viktig at du sender inn nødvendig informasjon om tiltaket i forkant av møtet, slik at kommunen kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon blir lagt ved førespurnaden:

  • ønska dato/tidspunkt for førehandskonferanse
  • kva du skal bygge: kart, teikningar og skisser
  • kor stort du skal bygge: høgde, breidde, areal
  • kva du skal bruke byggverket til
  • informasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn/sløkkevatn, avløp
  • eventuelle spørsmål du ønsker svar på i møtet

Førehandskonferanse tinga du enklast ved å senda e-post til postmottak@austevoll.kommune.no. Hugs å merka e-posten med rett gards- og bruksnummer og forklarande tekst. Du kan og tinga førehandskonferanse ved elektronisk melding til kommunen, jf. link for "Melding til kommunen" på høgre side.

Førehandskonferanse er ein gebyrlagt teneste, jf. gjeldande gebyrregulativ.

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdeling
E-post
Telefon 55 08 11 00

Opningstider telefonvakt plan- og byggesak:

Måndag til og med onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Torsdag: Send førespurnad per e-post.

Telefonvakt Plan- og byggesak: telefon 55 08 11 00
E-post: planogbygg@austevoll.kommune.no


Søknad, innspel, klage og tilsvarande skal sendast til: 
postmottak@austevoll.kommune.no

Du kan også også sende elektronisk melding til kommunen ved å trykke her.

Adresse

Postadresse

Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø