Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Solcelleanlegg (mindre)

Solcelleanlegg er eit alternativ til energi levert fra det vanlege straumnettet. Under følger informasjon om når du må søke til kommunen om dette, og når søknad kan bli unlatt.

Rettleiing solcelleanlegg (PDF, 953 kB)

Installasjon av solcellepanel er i utgangspunktet eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova §§ 20-1 bokstav f) og 20-2. Unnatak frå søknadsplikt gjeld for installering og endring av solcelleanlegg på tak for eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle, jf. Byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1 første avsnitt bokstav e) nr.4 og rettleiar til denne.

Dette betyr at ein normalt kan installera solcellepanel utan å søke først på ein einebustad, men ikkje på t.d. eit rekkehus eller ei blokk. Det er også ein føresetnad at avstandskrav for brannspreiing mot nabobygg blir vurdert/teke i vare. Ved mindre enn 8 meter avstand til nærliggande byggverk må løysing normalt bli brannteknisk prosjektert, som igjen løys ut krav til søknad med ansvarlege føretak.

For å vere omfatta av unntaket i SAK10 må ein sjå til at installeringa av solcellepanelet ikkje er i strid med t.d. kommuneplanen eller andre føresegn i lova. For bygg som ligg i område for freda kulturminne kan installasjon av solcellepanel bli sett på som ei søknadspliktig fasadeendring. Elles vil tiltak for solcelleanlegg lagt direkte oppå eksisterande skrånade tak normalt ikkje vere sett på som ein konstruksjon og heller ikkje løysa ut krav til dispensasjon (kan like vel vere søknadspliktig vesentleg fasadeendring).

Solcelleanlegg som blir sett i montér eller heva frå tak eller plassert anna plass enn liggande direkte på eksisterande skrånande tak vil vere søknadspliktig med krav til nabovarsling.

Ved behov for meir informasjon, sjå rettleiing ovanfor. 

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.