Det er kommunestyret som årleg vedtek eigedomsskatt. Klagefrist 10. april 2023.
Publisert 26.02.2023 10.49
Sist endra 27.02.2023 11.42
I Austevoll har kommunestyret bestemt at det er eigedomsskatt på det som tidlegare var "verk og bruk". Det er ikkje eigedomsskatt på bustader, fritidseigedommar og øvrig næring.
Omgrepet "verk og bruk" blei teke vekk frå eigedomsskattelova frå og med 2019. Det blei samtidig vedtatt ein overgangsordning med nedtrappingsordning som skal gjere kommunane i stand til å tilpasse seg inntektstapet. Denne ordninga varer fram til 2024.
Regjeringa har lagt ut informasjon om overgangordninga her
Skattelistene blei lagt til offentleg ettersyn 27.2.2023. Klagefrist er 6 veker etter denne dato, 10.4.2023.
Skatteliste for 2023
Anlegg i sjø
Anlegg på land