Deling av eigedom (frådeling)

Deling av eigedom er søknadspliktig. Når du skal senda ein søknad om deling av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å handsama søknaden din.

Vil du dela frå ein ny eigedom?

Vil du dela frå ny eigedom for å få ei ny tomt med nytt gards- og bruksnr., så må du søka kommunen om å få oppretta ny grunneigedom. Den nye grunneigedommen blir ein sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer, ev. festenummer, og blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret) etter utført oppmålingsforretning.


Merk og rettleiing til deling frå Kartverket.

Søknadsskjema

Søknad og skjema (dibk.no)

Kva skal du nytta eigedomen til?

Deling krev normalt at du må definera kva du skal bruka frådelt eigedom til. Dette må stå klart på søknadsskjema og bør framgå av situasjonskart. 

Dokumentasjon av infrastruktur

Dersom du planlegg å dela frå ny eigedom til bustad/fritidsbustad og andre tiltak med innlagt vatn/avløp, må du legga ved dokumentasjon/løyve frå vatn-/avløpsleverandør, kraft- og vegmynde når du søker. Brannvesenet skal og være informert om løysing som ikkje samsvarer med krav til sløkkevatn, jf. TEK § 11-17.

Opplysningar i matrikkelen

Opningstider

Opningstider telefonvakt plan- og byggesak:
Mandag - onsdag og fredag: 10:00 - 14:00

Torsdag: Send førespurnad per e-post

 

Telefonvakt Plan- og byggesak: 55 08 11 00
E-post: planogbygg@austevoll.kommune.no

 

Søknad, innspel, klage og tilsvarande skal sendast:
postmottak@austevoll.kommune.no

 

Elektronisk melding til kommunen (klikk meg)