Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Klarlegging av grense

Klarlegging av eksisterande grense vert utført ved ønske om å få målt og merka grense for ein eigedom eller ei grense som ikkje tidlegare er koordinatfesta. Typisk døme er eigedommar vist med sirkel i eigedomskartet der det berre er eit eldre skyldskifte som i tekst forklarer kor grensene går.

Eigar av eigedommen/heimelshavar, eigar av festerett, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt kan søkja om klarlegging av grenser. Fyll ut skjema under, kryss av for grensepåvisning og signer på skjema (hugs å få underskrift frå eventuelt involverte partar på slutten av skjema).

Skjema - Rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 226 kB)

Gebyrregulativ plan- og byggesaker (PDF, 453 kB)

Opningstider

Opningstider telefonvakt plan- og byggesak:
Mandag - onsdag og fredag: 10:00 - 14:00

Torsdag: Send førespurnad per e-post

 

Telefonvakt Plan- og byggesak: 55 08 11 00
E-post: planogbygg@austevoll.kommune.no

 

Søknad, innspel, klage og tilsvarande skal sendast:
postmottak@austevoll.kommune.no

 

Elektronisk melding til kommunen (klikk meg)