Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedommer kallast reseksjonering.
Publisert 26.03.2018 05.46
Sist endra 21.03.2023 12.58
Du må sende ein søknad til kommunen. Byggesaksavdelinga sender saka vidare til tinglysing om seksjonane utgjer lovlege brukseiningar og alle vedlegg er korrekt utfylte.
Søknadsskjema og rettleiing til søknadsskjema finn du på departementet si heimeside. Det er kun departementet sitt skjema som kan brukast for å søke om seksjonering eller reseksjonering.
Vilkår og krav for seksjonering går fram av eierseksjonsloven §§ 7, 11, 12 og 13, i tillegg til søknadsskjemaet. Vi gjer merksam på nye krav frå 01.01.2018, der vilkåret for seksjonering er at kvar seksjon er ei lovleg etablert bueining etter plan- og bygningslova.
- Situasjonsplan over eigedommen som tydeleg viser grensene til eigedommen, omriss av byggverk og grense for ev. utandørs tilleggsareal som skal inngå i brukseiningane.
- Planteikning over etasjane i bygget inkludert ev. kjellar og loft. På teikningane skal brukseininga sine areal og avgrensningar, forslag til seksjonsnummer og bruk av dei enkelte romma koma tydeleg fram.
- Sameiet sine vedtekter.
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning om nokre av brukseiningane har utandørs tilleggsareal.
- Dokumentasjon på at bustadseksjonar oppfyller krava til sjølvstendige bueiningar etter plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta (jf. SAK10 § 2-2). Som hovudregel vil slik dokumentasjon gå fram av løyve etter plan- og bygningslova, men og ut frå opplysningar frå matrikkelen, tinglyste klausular eller anna dokumentasjon.
- Samtykke frå rettigheitshavar dersom det er tinglyst hefte på eigedommen. Hefte i denne samanheng er at eigedommen ikkje kan disponerast utan samtykke frå rettigheitshavar. Samtykke må vere med original signatur.
- Dersom det er fleire heimelshavarar til eigedommen som skal seksjonerast, skal skjema «Fordeling av sameieandeler ved seksjonering» leggast ved.
- Det må knytast einerett til brukseininga
- Du må laga ein sameiebrøk for kvar seksjon
- Hovuddelen til brukseininga må vera ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedommen
- Dersom det er fleire brukseiningar på eigedommen, må alle vera del av seksjoneringa
- Du kan berre søkja for éin grunneigedom
- Den seksjonerte bustaden må vera ein lovleg bustad etter reglane i plan- og bygningslova
- Det må vera mogleg å oppretta parkeringsplass
- Du må oppgje om eininga skal brukast til bustad eller næring
For eksisterande bygningar må pålagde bygningsmessige tiltak gjennomførast før seksjonering eller reseksjonering kan skje.
Alle eigedommar med byggverk som inneheld meir enn ei brukseining kan seksjonerast dersom dei fyller krav/vilkår i lova. Ved seksjonering av bustad må ein finna alle hovudfunksjonar som stove, kjøken, soveplass, bad og toalett på hovudplanet til brukseininga, det må vera eigen inngong og brukseininga må vera fysisk og brannteknisk skilte frå andre einingar. Seksjonering kan skje sjølv om det er mogleg å frådela dei enkelte brukseiningane som sjølvstendige eigedommar med eigne bruksnummer etter matrikkellova. Ved slike høve er det valfridom for heimelshavar.
Eigarseksjonane vert oppretta ved tinglysing av seksjoneringskravet. Før tinglysing kan skje, skal kommunen ved byggesaksavdelinga, kontrollera at seksjoneringsvilkåra er følgt, og gje løyve.
Kommunen skal handsame seksjoneringsøknaden og registrera seksjoneringa i matrikkelen innan 12 veker etter at komplett søknad er motteken av kommunen. Dersom kommunen ikkje held fristen, vert sakshandsamingsgebyret redusert med 25% per veke (etter fristen).