Søkje om konsesjon
Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.
Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:
- at den avtalte prisen er innanfor ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling
- omsynet til busetjinga i området
- at overtakinga tek vare på ei driftsmessig god løysing
- at den som tek over blir rekna som skikka til å drive eigedommen
- at overtakinga tek vare på omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.
Vedlegg
Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan vere nødvendig med synfaring og oppmåling av eigedommen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.
Høve til å klage
Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.