Ein kan av og til oppleve at gebyret i den konkrete saka vil vere urimeleg. Ein kan då søke rådmannen om reduksjon eller fritak for gebyr i ei konkret sak i saman med søknad om tiltak. Vi anbefaler at ein tenker gjennom dette på førehand, og skriv ein grunngjeven søknad som blir sendt inn saman med søknad om tiltak/dispensasjon.
Det er generelt høg terskel for å gje fritak frå gebyret. Føresegna er meint som ein «sikkerheitsventil» mot urimeleg høge gebyr, ikkje kompensasjon for at arealformål og byggegrense ikkje vart som ein ønska. Ein står likevel fritt til å søke, og vi ber då som sagt om at søknaden er grunngjeven.
Det som kan vere urimelege gebyr, er om ein t.d. har søkt inn fleire like tiltak, t.d. fleire bueiningar på same eigedom eller fleire frådelinger i eit regulert felt kor gebyret klart er urimeleg ut frå kommunen si ressursbruk i saka.
Døme som normalt sett ikkje vil føre til reduksjon i gebyret:
Dispensasjon frå byggegrenser i utbyggingsområde.
Byggegrensa er sett til 25 meter i føresegna til kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova § 1-8 (3). Denne grensa gjeld over alt, også inkludert naustområde i reguleringsplanar godkjend før kommuneplanen. Kvifor det vart sett ei byggegrense på 25 meter for sjøbuer kan diskuterast, men ein må forholda seg til den kommuneplanen ein har, ikkje den ein skulle ønske at ein hadde. Kva gjeld reguleringsplanar, så vil byggegrense enten vera synt i arealkart eller gå fram av føresegn til detaljreguleringsplan.
Reguleringsplanen er ikkje vidareført, i strid med kva som vart oppgjeve før kommuneplanen vart vedteke.
Austevoll kommune har hatt mykje korrespondanse med Fylkesmannen i Hordaland (no Vestland) om reguleringsplanane gjeld vidare eller ikkje. Dette har diverre gått ut over innbyggarane, noko vi ser oss leie for. Ein har motteke motstridande beskjeder frå ulike fylkesmenn, noko som har gjort sakshandsaminga lite føreseieleg både for oss og for innbyggarane våre. Kommunen har likevel arbeid med å handsame dispensasjonane, noko som gjer at det etter vår meining er rimeleg å krevje gebyr.
Eg har betalt for søknaden allereie!
Om du har søkt om eitt-trinnsløyve vert du fakturert ein gang, men merk at for rammesøknad vert det derimot fakturert to eller fleire gonger; ein for sjølve rammesøknaden og ein gong for kvar igangsettingssøknad. Det er tiltakshavar og deira ansvarlege søkar som vel korleis ein skal søke inn løyvet og kva som vert samla gebyr for tiltaket ein ønska å bygge.