Austevoll kommune

Kommunale vegar

Kommunale vegar

Skal du bygga nærmare enn 15 meter frå kommunal veg og/eller føra opp tiltak med nye eller ekstra brukseiningar, så må du truleg hugsa å søka kommunens FDV-avdeling per e-post før du byggar eller som vedlegg til søknad om bygging etter plan- og bygningslova.

Følgjande søknader er normalt aktuelle

  • Auka bruk av kommunal veg og avkjørsle mot kommunal veg.
  • Dispensasjon for tiltak nærmare enn 15 meter frå kommunal vegmidte.
  • Graveløyve for tiltak langs, under og/eller over kommunal veg. Graveløyve er eit godkjend byggeløyve for tiltak langs, under eller over kommunal veg. Du må hugsa å søkja om dei fleiste andre tiltak.

Søknader som skal handsamast av FDV-avdelinga sendast til

postmottak@austevoll.kommune.no

olav.jarnes@austevoll.kommune.no (leggast på kopi)

Tiltak unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova kan kreve annan søknad/godkjenning før du utførar tiltak:

Merk at enkelte tiltak kan være unnateke søknadsplikt til plan- og byggesaksavdelinga etter Plan- og bygningslova § 20-5 (jf. Byggesaksforskrifta § 4-1), men du må uansett innhenta:

  • naudsynte løyver frå relaterte mynde (graveløyve er lik grunneigarfråsegn for tiltak på kommunal eigedom)
  • eventuelle private rettar/grunneigarfråsegn for å bygga på annan manns eigedom (merk at unnatak søknadsplikt generelt ikkje gjeld om ein skal bygga nærmare enn 1 meter frå nabogrensa eller på anna manns eigedom).
  • eventuelt søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova § 19-2 viss avvik frå gjeldande lov/forskrift

Generelt vil alle tiltak med krav til, eller kor det planleggast ny, tilkomstveg enten gje ny avkjørsle mot kommunal veg eller fylkesveg og auka bruk av offentleg veg og avkjørsle. Du må difor alltid søkja rette mynde om løyve til naudsynt ekstra brukseiningar og legga ved dokumentasjon på dette før du sendar inn søknad om bygging av tiltak (eller melding om at du er ferdig for tiltak som er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova).

Tiltak som krev søknad og kommunen sin godkjenning etter pbl. § 20-1, SAK10 § 4-1

I enkelte tilfeller er det planlagt med anna form for tilkomstveg (til dømes via sjø). Det må i slike tilfeller leggast ved byggesøknad ein utgreiiande forklaring og kart som synar korleis tilkomst er tenkt løyst frå A til B til A, kor det er planlagt/godkjend å parkera og eventuelt anna relevant som private avtalar om gangrett, parkeringsrett på anna manns eigedom, osv.

Søknader som gjeld Fylkesveg skal sendast til Statens vegvesen. Link under:

https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/soknad-om-avkjorsel

Fant du det du leita etter?