Renovasjon, vatn og avløpLytt til tekstenStopp avspillingVatn og avløp Spørsmål og godkjenning for tilknyting til private vassverk og avløpsanlegg må rettast tiltakshavar av, eller selskapet som, driftar anlegget/verket. Austevoll kommune har ikkje aktiv drift av vass- og avløpsanlegg. Ved søknad til kommunen må du først finna ut kva vass-/avløpsanlegg du ønsker å knyta deg til / etablere og ta kontakt med privat leverandør for å verifisera kostnader og moglegheit for tilknyting (e-post frå leverandør blir normalt akseptert) eller etablering av nytt avløpsanlegg (krev søknad utslepp). Du må og hugsa å sjekka krav til sløkkevatn (TEK § 11-17) og be om dokumentasjon på vassmengda i vassnettet (liter per sekund) og nærliggande vasskummar. All dokumentasjon må sendast kommunen i samsvar med søknad. Kart over nærliggande brannkummar kan du få av plan- og byggesaksavdelinga. Søknadsskjema for utsleppsløyve finn du her. (DOCX, 36 kB) Rettleiing for søkar om utsleppsløyve (Miljødirektoratet) (PDF, 185 kB) Lokal forskrift om mindre avløpsanlegg finn du her. (PDF, 255 kB) Avløpssonekart tilhøyrande lokal forskrift finn du her. (PDF, 2 MB) Ved søknad om byggetiltak må du hugsa å finna ein løysing for overvatn som ikkje medføra ulempe for nabo. Bygging/oppføring av leidning i sjø vil og krevje at du søker om løyve etter havne- og farvannsloven § 14. Sjå lenke: For privatpersoner og bedrifter: Tiltak som krever tillatelse etter havne- og farvannsloven § 14 Største leverandør av vatn og avløp i kommunen er Austevoll Vatn og avløp SA (AVA). Heimesida til AVA: http://akava.no/ E-post AVA: avapost@aksa.no For anlegg større enn 50 PE er det krav til årleg rapportering. Sjå lenke: Avløpsrapportering: Årlig rapportering for avløp Renovasjon Informasjon om prisar/gebyr med meir for renovasjon og tømming av slamtank/avløpstank finn du her: Sim AS heimesida (skriv inn adressa di for å få nærmare informasjon) Sim AS prisar/gebyr