Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Søknadsprosess for tiltak ved kommunale vegar

Skal du bygga eller dela frå eigedom nærmare enn 15 meter frå kommunal veg og/eller føra opp tiltak med nye/ekstra brukseiningar, må du søka til kommunalt vegmynde før du kan bygge eller utføre arbeid.

Søknad kan også ligge som vedlegg til søknad om bygging etter plan- og bygningslova.

Følgjande søknader er normalt aktuelle
Treng du godkjenning for ny avkøyrsle eller auka bruk av eksisterande avkøysel, må du fylla ut og senda inn søknad til kommunen:

Skal du grava opp eller gjere tiltak i tilknytning til kommunal veg eller kryss, må du fylla ut og senda inn søknad til kommunen:

Graveløyve er eit godkjend byggeløyve for tiltak langs, under eller over kommunal veg. Du må hugsa å søka om dei fleste andre tiltak etter pbl. § 20-1.

Send søknad til:  postmottak@austevoll.kommune.no

Tiltak unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova kan kreva annan søknad/godkjenning før du utføra tiltak
Merk at enkelte tiltak kan være unnateke søknadsplikt til plan- og byggesaksavdelinga etter Plan- og bygningslova § 20-5 (jf. Byggesaksforskrifta § 4-1), men du må uansett henta inn:

  • naudsynte løyver frå relaterte mynde (graveløyve er lik grunneigarfråsegn for tiltak på kommunal eigedom)
  • eventuelle private rettar/grunneigarfråsegn for å bygga på annan manns eigedom (merk at unnatak søknadsplikt generelt ikkje gjeld om ein skal bygga nærmare enn 1 meter frå nabogrensa eller på anna manns eigedom).
  • eventuelt søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova § 19-2 viss avvik frå gjeldande lov/forskrift

Generelt vil alle tiltak med krav til, eller kor det planleggast ny, tilkomstveg enten gje ny avkjørsle mot kommunal veg eller fylkesveg og auka bruk av offentleg veg og avkjørsle. Du må difor alltid søkja rette mynde om løyve til naudsynt ekstra brukseiningar og legga ved dokumentasjon på dette før du sendar inn søknad om bygging av tiltak (eller melding om at du er ferdig for tiltak som er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova).

Tiltak som krev søknad og kommunen sin godkjenning etter pbl. § 20-1, SAK 10 § 4-1
I enkelte tilfeller er det planlagt med anna form for tilkomstveg (til dømes via sjø). Det må i slike tilfelle leggast ved ein utgreiiande forklaring og kart som syner korleis tilkomst er tenkt løyst frå A til B til A, kor det er planlagt/godkjent å parkera og eventuelt anna relevant som private avtalar om gangrett, parkeringsrett på annan manns eigedom, osv.

Send søknader som gjeld fylkesveg til Vestland fylkeskommune.

E-post:
post@vlfk.no eller sjå heimesida til fylkeskommunen (link).