Austevoll kommune

Vatn og avløp

Vatn og avløp


Austevoll kommune har ikkje offentleg vass- og avløpforsyning.

Spørsmål og godkjenning for tilknytning til private vassverk og avløpsanlegg må rettast tiltakshavar av, eller selskapet som, driftar anlegget/verket.

Ved søknad til kommunen må du først finna ut kva vass-/avløpsanlegg du ønsker å knyta deg til/etablera og ta kontakt med privat leverandør for å verifisera kostnadar og moglegheit for tilknytning (e-post frå leverandør vert normalt akseptert). Du må og hugsa å sjekka krav til sløkkevatn og be om dokumentasjon på vassmengde i vassnettet (liter per sekund) og nærliggande vasskummar. All dokumentasjon må sendast kommunen iht. søknad.

Søknadsskjema for utsleppsløyve finn du her. (PDF, 189 kB)
Lokal forskrift om mindre avløpsanlegg finn du her. (PDF, 255 kB)
Avløpssonekart tilhøyrande lokal forskrift finn du her. (PDF, 2 MB)

Ved søknad om byggetiltak må du hugsa å finna ein løysing for overvatn som ikkje medføra ulempe for nabo.

Største leverandør av vatn og avløp i kommunen er Austevoll Vatn og avløp SA (AVA).

Heimesida til AVA: http://akava.no/
E-post AVA: avapost@aksa.no