Vedlikehald av vegarLytt til tekstenStopp avspillingVestland fylkeskommune har ansvar for fylkesvegar. Austevoll kommune har ansvar for kommunale vegar. Publisert 26.01.2022 11.29 Sist endra 23.04.2023 10.49 Fylkesvegar Ring 175 for å varsle om trafikkfarlege tilhøve langs fylkesveg. Les om fylkesvegar på nettsida til Vestland fylkeskommune. Lurer du på kva reglar som gjeld for fylkesvegar? Pliktar ved påkøyrsel av dyr Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde fra. Ved uhell skal du melde fra til politiet på 02800 som varslar viltnemda og andre aktørar. Les meir om dette på nettsida til Statens vegvesen. Kva gjer eg om eg opplever akutte hindringar i vegbana? Melde frå om akutte hindringar i vegen, t.d. stein i vegbana, tre i vegbane: ring politiet telefon 02800 Kva gjer eg om eg vil melde frå om manglande vedlikehald eller slitasjeskder i vegbana? Meld frå elektronisk til kommunen. Meldinga vil gå direkte til drift- og vedlikehaldsavdelinga. Kva gjer eg om eg ønsker trafikksikringstiltak på kommunal veg? Send melding til kommunen der du skildrar kva trafikksikringstiltak du ønsker og kvifor du meinar det er viktig. Kommunen vil vurdere meldinga og gje tilbakemelding. Brøyting og salting Drift- og vedlikehaldsavdelinga har ansvaret for vintervedlikehald av kommunale vegar og nokre private vegar. Det er per dags dato fem brøyterodar der lokale entreprenørar utfører vintervedlikehald etter kontrakt med kommunen. Austevoll kommune utfører sjølv vintervedlikehald på delar områda. Ved spørsmål, ta kontakt på telefon 40 80 01 51 Kan eg søke om å få brøyta privat veg? Det blir arbeidd med å lage nye retningsliner for dette. Sand i strøsandkasse Det er plassert ut strøsandkassar ulike stader langs kommunale vegar i Austevoll. Er det tomt for sand, meld frå til kommunen.