Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

eFaktura blir enda enklere!

Du må som eFakturakunde gi ein generell aksept for eFaktura for å halde fram med å vere eFaktura-brukar. Dette bli omtalt som "Ja takk til alle" eller Alltid eFaktura, avhengig av kva for bank eller betalingsapp du har. Dette er ein endring som gjeld kommunen og andre bedriftar som tilbyr eFaktura.

Fra 15. mai 2022 må du som eFakturakunde gi ein generell aksept for framleis å kunne motta faktura som eFaktura.Det er viktig at du aksepterer "Ja takk til alle" i nettbanken din eller betalingsapp på mobilen/nettbrettet ditt. Dersom aksepten ikkje blir gjennomført før fristen, vil du ikkje lenger motta eFaktura etter 15. mai 2022.

Endringen blir gjort for at det skal bli enklere for deg å betale rekningane dine. Med ein generell aksept vil du heretter motta eFaktura frå første rekning frå kommunen og bedriftar som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lenger må inn i nettbanken for å melde deg på mot de enkelte bedriftane.

Efaktura blir enklere - les meir her. (PDF, 112 kB)

Har du spørsmål til dette, ta kontakt med banken din.