Introduksjonsprogram for flyktningar

Flyktningar som vert busette i Austevoll kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Deltakar i introduksjonsprogrammet får innvilga introduksjonsstønad.

Dersom du busett deg utan at det er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet.

Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med NAV Austevoll ved flyktningkoordinator Natalia Hansen for råd, rettleiing og for å søke om deltaking i introduksjonsprogrammet. 

Kva går introduksjonsprogrammet ut på?
Gjennom programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil også få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.

Kontaktinfo

Natalia Hansen
Flyktningkoordinator
E-post
Telefon 55 55 33 33
Mobil 40 80 79 36

Du kan også vende deg til NAV Austevoll i Helsehuset.

 

 

Opningstider

Publikumsmottaket på NAV er ope for «drop-in» onsdagar og fredagar frå kl. 12.00 til 14.00.