Bli besøksheimLytt til tekstenStopp avspillingEin besøksheim tar i mot barn i helger eller feriar for å gje avlastning til foreldra og gode opplevingar for barna. Besøksheimar må vera stabile og kunne binda seg for eit år. Barna er mellom 0 og 18 år. Ynsker du å bli vurdert som besøksheim? Ta kontakt med Liv Iren Birkeland, leiar i barneverntenesta. Bli besøksheim Kva er ein besøksheim? Besøksheim er ein familie som tar i mot barn eller eit søskenpar i helger og eventuelt i feriar. Det er ikkje nødvendig med sosialfagleg utdanning for å bli besøksheim. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunne binde seg for minst eitt år. Det må ikkje vera nokon store livsskriser, rusproblem eller psykiske problem i familien. Besøksheimen må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha innlevelsessevne og forståing for barns ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og forutsigbar familiesituasjon det barna treng mest. Besøksforeldre må legga fram uttømmande og utvida politiattest. Det er krav om ordinær politiattest av husstandsmedllemer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar. Kven er besøksbarna? Besøksbarn har ofte ein vanskeleg situasjon i heimen. Foreldra kan trenga avlastning for å få overskot. Barna treng tilskot av "vaksenmodeller" for å kunne sjå andre handlingsmønstre i ein familie. For mange av barna er det behov for å oppleve andre omgjevnader med fleire trygge vaksne som bryr seg. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje borna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år. Publisert13.06.2018 07.03 Sist endra16.06.2020 09.44