Dagsenter for eldre med demensLytt til tekstenStopp avspillingDagsenter er eit tilbod til eldre heimebuande som har demens eller der det er mstanke om demens. Dagsenteret held til ved Austevoll pleie- og omsorgsenter. Du vert henta heime og køyrd heim igjen. Ved dagsenteret får du servert middag og ettermiddagskaffi, i tillegg til at du får tilbod om trim og andre aktivitetar og sosialt samvær. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert15.06.2018 13.55 Dagsenter for eldre med demens Søk plass Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Send søknad til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kva kostar det? Pris per dag: 80 kroner Vårt mål Gje tilbod om aktivitetar Bryte einsemd og etablere kontakt Gje avlasting til pårørande Lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus Skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Helseservcekontoret som handsamar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov for hjelp. Deretter vert det gjort eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Kontaktinfo Vedkomande søknad og vedtak: Helseservicekontoret på telefon 55 08 14 06, kvardagar kl. 09:00–15:00 Vedkomande tenesta: Austevoll pleie- og omsorgssenter telefon 55 08 15 06 (sentralbord).