Hjelpemiddel blir levert frå NAV til Austevoll kommune sitt hjelpemiddellager ved Austevoll arbeidssamvirke (ASV) for vidare distribusjon. Vi kontaktar deg i forbindelse med utlevering. Vi ynsker at du kjem til hjelpemiddellageret og hentar om du kan, viss ikkje blir det kjørt ut til deg ved første tilgjengelege tidspunkt.
Ved tilbakelevering må hjelpemiddelet merkast med namn og personnummer då dette skal i retur til NAV hjelpemiddelsentral. Vi ynsker at du eller nokon av dine pårørande kan frakta hjelpemiddelet til Austevoll hjelpemiddellager.
Ta kontakt dersom du treng hjelp til å få henta hjelpemiddelet i bustaden.