Austevoll kommune

Fritak frå teieplikt - mediesaker

Fritak frå teieplikt mediesaker

Alt helsepersonell i Austevoll kommune er bundne av teieplikta jf. helsepersonellova og pasient- og brukerrettighetslova. Dei kan derfor ikkje uttale seg eller gje informasjon om din helsetilstand, utan at du formelt fritar dei fra teieplikta. Fritaket må gjelde all relevant informasjon i den spesifikke saka.

Eit fritak frå teieplikta inneber ikkje at helsepersonell har ei opplysningsplikt overfor media. Dei skal gjere ei sjølvstendig vurdering av i kva grad opplysningane skal gjevast, og kan avslå å gje opplysningar til pressa utan nærare grunngjeving. Omsynet til pasienten sitt beste skal vektast tyngst.

Austevoll kommune har eit eige skjema for fritak frå teieplikt i mediesaker.
Dersom du vil løyse helsepersonell frå teieplikta, må du fylle ut alle felta i skjemaet.
Skjemaet  skal signerast av pasienten sjølv, av foresett dersom vedkommande er under 16 år, eller pasienten sine registrerte pårørande/verje dersom det er relevant. Skjemaet er signert når du loggar inn ved hjelp av ID porten.
 

Fyll ut skjema Fritak frå teieplikt - mediesaker ved å gå inn her.