God helse-felles ansvarLytt til tekstenStopp avspillingProsjekt for å redusera overvekt hos barn og unge. Overvekt hos barn og unge er ein aukande problem både nasjonalt og kommunalt. Frå 2016 har Austevoll kommune hatt eit prosjekt for å fremja helse blant barn og unge. Målet med prosjektet er å kunne hjelpe familiar som har barn som er overvektig eller ynsker å førebygga dette, og som ynsker hjelp til å kome i gong med ei livsstilsendring. På lang sikt vil målet vera å redusera førekomsten av overvekt, fedme og inaktivitet hos barn og ungdom i Austevoll kommune. God helse - felles ansvar - Inspirasjonshefte (PDF, 8 MB) «God helse-felles ansvar» er ei pakkeløysing, der familiar og/eller barn har samtaler og får kosthaldsrettleiing hos helsesjukepleiar. Ved behov kan fastlege til barnet kobles på. All kostholdsrettleiing vil vera i samsvar med nasjonale kosthaldsråd frå Helsedirektoratet. Om du meiner dette kan vera noko for ditt barn, eller du har spørsmål, ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar Astrid Marlen Sivertsen. Publisert06.06.2018 23.13 Sist endra08.10.2019 09.38