Helsestasjonen i Austevoll har fått tildelt øyremerka midlar frå Helsedirektoratet for å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Me nyttar delar av tilskotet til å jobbe tettare opp mot barnehagar i kommunen, ved å tilby fast trefftid kvar 3. veke. Helsesjukepleiar er då tilstade frå kl. 10.00 til kl. 14.00.
Helsestasjonsprogrammet er lagt opp til tett oppfølging av barnet frå det er født til 2 års alder. Neste faste kontroll er når barnet fyller 4 år. Etter 2 års alder er det dei tilsette i barnehagen som har tettast kontakt med barn og familie. Helsestasjonen ønskjer derfor å styrke samarbeidet med barnehagane i kommunen.
Ved å vere tilstade i barnehagane kan helsesjukepleiar tilby den helsefaglege kompetanse sin og kan samarbeide med tilsette i barnehagane for å få eit best mogleg tilbod for barna.
Ved å etablere eit godt samarbeid med barnehagane, vil me vera betre rusta til å fange opp og sette i gang tiltak som kan hjelpe dei barna og familiane som treng ekstra støtte så tidleg som mogleg.
Dersom tilosette i barnehagane ønskjer å drøfte barn med helsestasjonen skal det innhentast skriftleg samtykke frå foreldra i forkant av drøfting.
Ingunn Storebø og June D. Møgster er helsestasjonen sine representantar i barnehagane.
Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller synspunkt.
Hege Iren Austevoll, Leiande helsesøster i Austevoll kommune
E-post: hege.austevoll@austevoll.kommune.no
Telefon 55 08 10 70 eller mobil 952 14 473