Austevoll kommune

Brukerstyrt personlig assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ måte å organisere tenesta praktisk bistand og opplæring samt støttekontakt. Tenesta er tiltenkt personar med nedsett funksjonsevne og omfattande behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Målet er eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv trass i funksjonshemminga.

Brukaren er arbeidsleiar

Brukarstyrt personleg assistanse vil seie at brukaren eller pårørande/verje vert arbeidsleiar og tek på seg ansvaret for den daglege organiseringa av tenesta. Innanfor det timetalet som kommunen gjev, kan brukaren i prinsippet styre kven han eller ho vil ha som hjelpar og korleis assistentar skal utføre hjelpa som er innvilga. Brukaren vel sjølv kva privat leverandør ein ynskjer, kommunen vil gje informasjon om kva leverandørar som er godkjend av kommunen. Privat leverandør har det formelle arbeidsgjevaransvaret for assistentane.

Sjølv om brukaren ikkje har det formelle arbeidsgjevaransvaret som BPA-arbeidsleiar, er det likevel eit omfattande ansvar. Han eller ho har mellom anna hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentane. BPA-arbeidsleiaren skal setja opp arbeidsrutiner og utarbeida arbeidsplanar, gjennomføra personalsamtalar, følgja opp timeregistrering og elles følgja opp reglane i arbeidslivet.

Kommunen har eit overordna ansvar for at alle som leverer kommunale helse- og omsorgstenester følgjer regelverket. Kommunen må difor følgje opp BPA ordningar og sjå at tenesta er forsvarleg og at regelverket vert holdt. Dersom det oppstår problem, vil kommunen søkje å løyse dette saman med brukar. Vurderer kommunen det slik at det ikkje er mogeleg å sikre forsvarlegheit, vil brukar få tilbod om andre helse- og omsorgstenester.

Brukarstyrt personleg assistanse

Kontaktinfo

Edtih Rivenes Vik
Telefon 55 08 14 03
Mobil 977 91 126

Åpningstider

Kl. 09:00 - 15:00

Adresse

Birkelandsvegen 2
5392 Storebø

Fant du det du leita etter?