HeimesjukepleieLytt til tekstenStopp avspillingHeimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Publisert15.06.2018 14.52 Sist endra15.06.2018 14.52 Heimesjukepleie Søk om heimesjukepleie Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Send søknad til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 STOREBØ Du må ha fast bustad/ opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva kan du få hjelp til? Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrer Dagleg stell Sårbehandling Rettleiing om kosthald og helsespørsmål Hjelp til å stå opp, leggje deg og toalettbesøk Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigahand (dosere medisinar, skifte stomi med meir) Kva kostar det? Heimesjukepleie er gratis. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Helseservicekontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Dersom du får heimesjukepleie meir enn ein gong i veka, så vil du etter 3 månader ha rett på gratis tannhelseteneste. Klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Kontaktinfo Helseservicekontoret på telefon 55 08 14 05/ 06, kvardagar kl. 09:00–15:00 Heimetenesta på telefon 55 08 15 47, kvardager kl.08-15, eller på vakttelefon 97 65 21 32 på kveld og helg.