MiddagsleveringLytt til tekstenStopp avspillingMiddagslevering er tilbod om middag levert heim. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert13.06.2018 15.58 Middagslevering Søk om middagslevering Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Send skjema til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Du må ha fast bustad/ opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva får du? Middagen vert laga av kjøkkenet på Austevoll pleie- og omsorgssenter og levert ut kald av heimetenesta enten dagleg/ eller eit par gonger i veka. Måltidet inneheld god og næringsrik kost. Det er utkøyring dagleg om ikkje anna er avtalt. Kva kostar det? Frå 1. januar 2018 kostar det 69 kroner per middag (stor porsjon kr 92). Faktura vert sendt ut kvar månad. Vedkomande spørsmål knytt til faktura må ein kontakte økonomikontoret ved Austevoll kommune på telefon 55 08 10 00. Oppgje i sentralbord at saka gjeld fakturaspørsmål. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsogstenester er det Helseservicekontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg, og deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Kontaktinfo ved spørsmål om søknaden Helseservicekontoret 55 08 10 00, kvardagar kl. 09:00–14:30 Kontaktinfo ved spørsmål/beskjedar om endringar på di middagslevering Heimetenesta på telefon 55 08 15 47, kvardager mellom kl 08-15. eller mobil 97 65 21 32 på kveld og helg.