Bli støttekontaktLytt til tekstenStopp avspillingAustevoll kommune treng støttekontaktar til born, ungdom og vaksne. Støttekontakt/fritidskontaktoppdrag er vanlegvis 2-5 timar pr. veke. Du kan søkja om eitt eller fleire oppdrag. Dei som treng støttekontakt er born, ungdom, vaksne og eldre med særskilde behov. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert08.06.2018 14.33 Vi søkjer personar som har tid og kapasitet til å hjelpa nokon å få ein betre kvardag. Me krev inga formell utdanning, men at du trivs med å vera i lag med andre menneske, og har lyst til å engasjere deg for nokon som treng tilrettelegging i kvardagen. Døme på aktivitetar: Turar, sosial og fysisk trening, ulike arrangement, fritidsaktivitetar, osv. I somme høve kan det vera naudsynt med to støttekontaktar som jobbar saman. Me legg vekt på, og jobbar for å finna gode ordningar med personar som trivst godt saman, for å få ordningar som fungerer over tid. Søk om å bli støttekontakt Søk om å bli støttekontakt For å jobbe som støttekontakt må du vere over 18 år. Du må i tillegg ha politiattest og skrive under på teiepliktskjema. Søk elektronisk og vi tek kontakt med deg for eit intervju: Søk om å bli støttekontakt