Få StøttekontaktLytt til tekstenStopp avspillingStøttekontakt er ei teneste for personar som treng hjelp til å få ei aktiv fritid og hindre sosial isolasjon. Støttekontakten kan tilby sosialt samvær og følgje til ulike typar fritidsaktiviteter. Kva ein gjer blir tilpassa etter kva ynskjer, behov og forutsetninger mottakeren har. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert08.06.2018 13.50 Støttekontakt Søk støttekontakt Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Du kan henvenda deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpa deg dersom du har behov for det. Hvis ein annen søkjer på vegne av deg, må vedkommende ha fullmakt til dette. Søknadsskjema kan ikkje sendast inn elektronisk, men sendast per post til Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kven kan søkje om støttekontakt? Alle som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing treng assistanse for å få ei meiningsfylt fritid og hindre sosial isolasjon. Støttekontakt vert som hovedregel ikkje innvilga til born under 8 år, til personar som bor i institusjon eller i bemanna omsorgsbustader, og personar som har behov for 1:1 - bemanning. Tildelingskriterier I vurderinga av om du fyller kriteria for å få vedtak om støttekontakt ser vi på desse momenta: Om du har eit dokumentert behov på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker. Om støttekontakt er det beste for deg. Om du kan nyttiggjere deg hjelp frå ein ufaglært støttekontakt, eller om du har behov bistand frå person med fagkompetanse. Om du har vanskar av fysiske eller psykiske årsaker som gjer at du treng bistand for å komme deg ut av heimen. Kva nettverk du har. Om tenesta Støttekontakten kan kome på besøk heime, bli med på kafé, kino, idrettstilstelninger eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal tilpassas dine ynskjer, behov og føresetnader. Pris Tenesta er gratis. Utgifter du sjølv har i høve billettar, reise og til dømes mat på kafé må du dekke sjølv. Du skal ikkje betale for utgifter som støttekontakten har. Behandling av saka Kommunen skal innhente naudsynte opplysningar for å handsame søknaden. Naudsynte opplysningar kan vere uttale frå lege eller andre og heimebesøk. Ut frå innhenta informasjon vert det fatta einskildvedtak. I vedtaket finn du grunngjevinga for avgjersla. Kommunen skal handsame søknaden så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan handsamast innan ein månad, skal du ha skriftlig varsel om dette. Du skal også få informasjon om kvar tid det kan forventast at saka er ferdig handsama. Kva skjer om kommunen ikkje klarer å skaffe meg støttekontakt? I dei tilfella der du fyller vilkåra for å få vedtak om støttekontakt, og der det ikkje lukkast å rekruttere støttekontakt innan ei rimeleg periode på 6 månader, så vil kommunen sette i verk kompenserande tiltak. Kompenserande tiltak kan vere praktisk bistand og opplæring eller praktisk bistand, aktivitetstilbod gjennom miljøarbeidertenesta eller anna. Klage Du kan klage på vedtaket. Det må klagast innen ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. I klaga må du grunngje kvifor du ikkje er nøgd med vedtaket og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing til å klage, kan du vende deg til helseservicekontoret som vil hjelpe deg med dette. Ved ei klage, handsamar kommunen saka på nytt. Om vedtaket vert oppretthaldt, vert saka sendt til Fylkesmannen som fattar endeleg avgjersle i saka.