TryggleiksalarmLytt til tekstenStopp avspillingBur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen har du på deg heile døgnet, enten i snor rundt halsen eller som ei klokke. Det er ein enkel måte å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert13.06.2018 16.12 Tryggleiksalarm Søk om alarm Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Søknad sendas til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Helseservicekontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Kva kostar det? Pris per månad Alarmtelefon inntil 2 G kr 265 Alarmtelefon over 2 G kr 370 Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm Alarmen er knytt til eigen alarmsentral heile døgnet. Du må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen. Austevoll kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria. Austevoll kommune tilrår at ein oppgjev pårørande/nabo som førstekontakt for alarmsentralen viss ein bur på stader som det tar lang tid for heimetenesta å nå. Du må gje løyve til at nøkkelboks vert montert ved inngangsdør. Det er ein månads oppseiingstid. Vedlikehald og reparasjonar som følgje av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet. Kontaktinfo Helseservicekontoret på telefon 55 08 14 05/06, kvardagar kl. 09:00–15:00 Heimetenesta på telefon 55 08 15 47, kvardagar kl 08-15, mobil 97 65 21 32 kveld og helg.