Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Individuell plan

Individuell plan (IP)

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein IP dersom dei ønsker det.

Planen skal vera eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat og mellom dei ulike tenesteytarane.

Dette kan vera aktuelt for personar:

  • Som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungera i dagleglivet.
  • Som har gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid.
  • Med kroniske lidingar.
  • Med fysiske, psykiske eller sosiale vanskar.
  • Med medfødd funksjonssvikt.

Retten til Individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon. Langvarig betyr at ein går ut frå at behovet strekkjer seg over ei viss tid, men utan at det treng vere varig. «Koordinerte» tenester betyr at behovet gjeld to eller fleire helse- og omsorgstenester. Individuell plan er eit verktøy for heilskaplege og gode tenester. Individuell plan sikrar planlegging på kort og lang sikt samt systematisk dokumentasjon

Individuell plan

Fann du det du leita etter?