Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Klage på pleie- og omsorgstenester

Klage på pleie- og omsorgstenester

Har du fått avslag på ei pleie-og omsorgsteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Vi går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast.

Om vedtaket ikkje vert endra etter handsaming , vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland  som avgjer saka. 

Klage på pleie- og omsorgstenster

Adresse

Klage sendas til:
Austevoll kommune
Helseservicekontoret
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø

Fann du det du leita etter?