Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Austevoll daglegevakt

Austevoll daglegevakt

Har du skade eller akutt sjukdom som treng lege?
 
I kontortid kontaktar du Austevoll legesenter på telefon 55 08 10 50, tast 1.

Dette gjeld for alle som er i Austevoll, same kvar dei har fastlege.

Vi ser helst at du ringer oss på førehand slik at vi er klar til å ta i mot deg og du slepp å venta så lenge.

Kontaktinfo

Austevoll daglegevakt
Telefon 55 08 10 50

Tast 1

Fann du det du leita etter?