Miljøtenesta - Eidsbøen bufellesskapLytt til tekstenStopp avspillingMiljøtenesta er Eidsbøen bufellesskap som er samlokaliserte bustader tilknytta personalbase og utegruppa som tilbyr tenester til personar som bur heime, i eigne bustader eller kommunale tilrettelagte bustader. Miljøtenesta - Eidsbøen bufellesskap Kven kan få tilbod? Miljøtenesta gjer tilbod til personar med fysisk eller psykisk funksjonshemming. Føremål med tenesta er at den einskilde får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit meiningsfylt og aktivt tilvære saman med andre. Har du ei fysisk eller psykisk funksjonshemming og har behov for opplæring, rettleiing og praktisk bistand til å meistre gjeremåla i dagleglivet, kan du søkje om slike tenester. Du må bu i eigen bustad eller i ein av kommunen sine tilrettelagte bustader. Kva tilbyr vi? Vi tilbyr hjelp til sjølvhjelp, utvikling av eigne ferdigheiter og hjelp til å meistre gjeremåla i dagleglivet. Hjelpa vert tiilpassa dine individuelle behov og variere frå støtte- og motiverande samtaler, til hjelp til å klare dagleglivet mest mogeleg sjølvstendig, til faktisk praktisk hjelp til det du ikkje klarer sjølv. Slik søkjer du I søknadskjema skildrar du dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. Søknad vert handsama av helseservicekontoret. Søknadsskjema Kontakt oss Telefon: 55 08 14 63 Ansvarsvakttelefon: 970 98 767 Publisert01.08.2019 12.33 Sist endra01.08.2019 15.01