AvlastningstiltakLytt til tekstenStopp avspillingAvlastingstiltak er eit tilbod til personar og familar med særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlasting vert gjeve ut fra ulike behov og kan organiserast på ulike måtar. Kommunen vurderer behovet for bistand, og skal i samarbeid med den einskilde omsorgsytar avgjere om det skal tilbys tenester i form av avlastningstiltak. Avlastinga skal hindre overbelasting hjå omsorgsytar, gjere det mogleg å oppretthalde gode familerelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie Målsetting Målsettinga er å virke førebyggande slik at du skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid. Publisert avLiv Janne Klepsvik Publisert13.06.2018 15.42 Avlastningstiltak Søk om avlastning Trykk her for å skrive ut og fylle ut søknadsskjema (PDF, 341 kB) Søknaden vert vurdert etter kartlegging av omsorgsoppgåvene. Ekstra avlasting på dagar skule og barnehage er stengt må søkjast om spesielt, minst 3 månader før. Søknadsfrist for ferieavlastning for sommar er sett til 1. mars kvart år. Søkjar av tenesta må bu i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad. Send søknad til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kva kostar det? Tenesta er gratis Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Heseservicekontoret som handsamar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit hemebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Klag på vedtaket Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du ikkje er nøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester her. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje. Kontaktinfo Helseservicekontoret på telefon 55 08 14 03 eller 55 08 14 07, kvardagar kl. 09:00–15:00