SjukeheimsplassLytt til tekstenStopp avspilling Sjukeheimsplass Søk sjukeheimplass Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Send søknad til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Du må bu i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det helseservicekontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine hjelpebehov. I samband med kartlegginga, så henter vi inn opplysningar frå fastlege, heimetenesta, spesialisthelsetenesta, og eventuelle andre samhandlingspartnarar som har ytt teneste til deg. Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Om du får tilbod om sjukeheimsplass, blir du tildelt ein korttidsplass eller ein langtidsplass. Kven kan få sjukeheimsplass? Langtidsplass er for eldre som har eit stort behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. Korttidsopphald på sjukeheimen er for deg som har behov for rehabilitering, habilitering eller utredning. Avlastningsplass er til pårørande som har særs tyngande omsorgsoppgåver. Før sjukeheimsplass vert innvilga skal det vere prøvd ut med tenester i heimen. Kva kostar det? Kor mykje du skal betale for langtidsplass, avhenger av din økonomi og kva slags plass du får. Korttidsplass kostar 160 kroner per døgn inntil 60 dagar i året. Etter 60 dagar betaler du som om det skulle vert langtidsplass. Dagopphald kostar 80 kroner per dag. Kontaktinfo Helseservicekontoret på telefon 55 08 15 05/06 kvardager mellom kl. 09:00–15:00