Austevoll kommune

Bli støttekontakt

Bli støttekontakt

Er du ein positiv, trygg og imøtekomande person med tid til overs? Då ønsker me å komme i kontakt med akkurat deg! 

 

Som fritidskontakt/støttekontakt kan du bidra til at mottakar av tenesta får gode opplevingar og aktivitetar, sosial trening, oppnår meistring og vert meir sjølvstendig. Saman med tenestemottakar finn du fram til og deltek i ulike aktivitetar med å ta utgangspunkt i tenestemottakar sine interesser og ressursar. Som støttekontakt vil du bistå og motivere den du er støttekontakt for.

Oppdraga varierer i omfang, mest vanleg er 2-4  timer i veka, til tidspunkt som passer den som mottek tenesta og deg som støttekontakt.

Me legg vekt på, og jobbar for å finna gode ordningar med personar som trivst godt saman, for å få ordningar som fungerer over tid.

Kontaktinfo

Isabell Kopperud Botnevik
Telefon 55 08 14 07
Mobil 415 94 080
Edtih Rivenes Vik
Telefon 55 08 14 03
Mobil 977 91 126

Opningstider

Kl. 09:00 - 15:00

Adresse

Birkelandsvegen 2
5392 Storebø