Bli besøksheimLytt til tekstenStopp avspillingEin besøksheim tar i mot barn i helger eller feriar for å gje avlastning til foreldra og gode opplevingar for barna. Besøksheimar må vera stabile og kunne binda seg for eit år. Barna er mellom 0 og 18 år. Ynsker du å bli vurdert som besøksheim? Ta kontakt med Madlaine Børtveit, leiar i barneverntenesta. Kva er ein besøksheim? Ein besøksheim er ein familie som tar i mot eit barn eller eit søskenpar i helger og eventuelt i feriar. Det er ikkje naudsynt med sosialfagleg utdanning for å bli besøksheim. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunne binde seg for minst eitt år. Det må ikkje vere nokon store livsskriser, rusproblem eller psykiske problem i familien. Besøksheimen må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha innlevelsessevne og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleve ein trygg og forutsigbar familiesituasjon det barnet treng mest. Besøksforeldre må legge fram uttømmande og utvida politiattest. Det er krav om ordinær politiattest av husstandsmedlemar som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månadar. Kven er besøksbarna? Besøksbarn har ofte ein vanskeleg situasjon i heimen. Foreldra kan trenga avlastning for å få overskot. Barna treng tilskot av "vaksenmodeller" for å kunne sjå andre handlingsmønstre i ein familie. For mange av barna er det behov for å oppleve andre omgjevnader med fleire trygge vaksne som bryr seg. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje borna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år. Publisert 13.06.2018 07.03 Sist endra 15.02.2024 13.19