Foreldrerettleiing og førebyggande tiltak

I barneverntenesta ynsker vi å hjelpa deg og dine tidleg, før det blir akutt, slik at det ikkje blir vonde situasjoner for barn og familier.

Som regel er det best at barn får vokse opp i sin eigen heim. Vi skal derfor alltid først vurdera om det er mogleg å hjelpa mor eller far og familien med å fungera betre.

Førebyggande tiltak

  • Råd og rettleiing for familien i ein avgrensa eller lengre periode
  • Hjelp til å koordinera tiltak for barn med ulike behov. Når fleire hjelpeinstansar er med, koordinerar vi som oftast tiltaka slik at det blir best mogleg totalt.
  • Økonomisk stønad til barnet slik at det kan delta i for eksempel fritidsaktivitetar.
  • Avlastning ved plass i barnehage, skulefritidsordning og liknande
  • Støttekontakt
  • Besøksheim

Har du spørsmål ta gjerne kontakt med barnevernstenesta.

Kontaktinfo

Christina Østervold Drivenes
Barnevernkonsulent
E-post
Mobil 96 62 63 40

Adresse

Besøksadresse:

Austevoll helsehus
Birkelandsvegen 6,
5392 Storebø


Postadresse:

Austevoll kommune,
Barneverntenesta,
Birkelandsvegen 2,
5392 Storebø