Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Ernæringsfysiolog

Ernæringsfysiologen har god kunnskap om samanhengen mellom kosthald og helse.

Søk time hos ernæringsfysiolog


Kva gjer ein ernæringsfysiolog?

Ernæringsfysiologen kan rettleie deg om korleis du best kan handtere ernæringsrelaterte sjukdommar, vektnedgang, vektoppgang , allergiar og intoleransar. Ernæringsfysiologen jobbar gjerne med livsstilsendringar.

Kva kan ernæringsfysiologen hjelpe deg med?

  • Overvekt
  • Spiseforstyrringar
  • Diabetes
  • Lipidforstyrringar
  • Hjarte-karsjukdomar
  • Livsstilssjukdomar
  • Mage- og tarmproblem
  • Irritabel tarm (IBS)
  • Allergiar/intoleransar

Kven kan få samtale frå ernæringsfysiolog?

Dersom du har behov for rettleiing om kosthald tilpassa di helse og din livssituasjon, kan du få hjelp frå ernæringsfysiolog. Dette gjeld alle i alle aldersgrupper og livsfaser.

Korleis kan du få time frå ernæringsfysiolog?

Ta kontakt med leiar for ergo- og fysioterapitenesta, Laila Fondenes Taraldsen for å få vurdert om dette er eit aktuelt tilbod til deg.

Eigenandel ernæringsfysiolog

Førebels er dette eit gratis lågterskeltilbod.

Kontaktinfo

Laila Fondenes Taraldsen
Leiar ergo- og fysioterapitenesta
E-post
Mobil 91 39 29 68
Hanne Lise Drønen Haugland
Ernæringsfysiolog
E-post

Opningstider

Tysdag og onsdag frå kl. 09:00-15:00.